C4, flexplate

Har du et girkasse spørsmål ? Post det her !

Moderators: 429CJ, abba, fox-body

grepst1
Curious
Curious
Posts: 31
Joined: Tue Sep 22, 2009 19:28
Location: Førde

Re: C4, flexplate

Post by grepst1 » Sun Dec 14, 2014 23:54

Takker for informative svar og bilder. Det er nok 28oz på dempar.

Har fleire flexplater med 157 tenner, men sikkert bere ei som kan brukast utifrå slitasje frå inngrep av starter. Korleis "lese av " riktig motvekt på plata? Og er avbalanseringa på "milligram-nivå"?

Mr Fox
Enthusiast
Enthusiast
Posts: 743
Joined: Mon Nov 27, 2006 23:07
Location: Sunnmøring

Re: C4, flexplate

Post by Mr Fox » Mon Dec 15, 2014 19:05

På ein race motor med høgt turtall er balansering viktig.
Men ein original eller moderat trimma motor klarer seg lenge med originale spesifikasjoner.

Sjå på den sida av flexplata som står mot motor, der står eit metall lodd som er sveisa fast.
Når flexplate har likt antall tenner og dette loddet er like stort, er balansering lik.

Har flexplatene stått på 289-302 som er eldre enn 1981-82 så er det 28 oz.

grepst1
Curious
Curious
Posts: 31
Joined: Tue Sep 22, 2009 19:28
Location: Førde

Re: C4, flexplate

Post by grepst1 » Mon Dec 15, 2014 22:55

Vi nermar oss finalen.
Likevel; nokon som har erfaring med å slipe bort sveisepunkt som held ytterdel av startkrans fast mot plate for så løyse denne ut, snu den og punkte den på plass att slik at det vert friske tenner i inngrep mot startmotor? Ein bør nok då passe på å legge inn nye sveisepunkt der dei gamle var for å unngå utslag på balansen. Eller?
Må flexplate monterast med "loddet" i spesiell posisjon?

Har vore mykje VW og BMW dei siste åra, så godt å kome inn på Mustang-sporet igjen :wink:

Mr Fox
Enthusiast
Enthusiast
Posts: 743
Joined: Mon Nov 27, 2006 23:07
Location: Sunnmøring

Re: C4, flexplate

Post by Mr Fox » Tue Dec 16, 2014 17:37

Når du ser på skruhola i veivaksel der som flexplata blir festa.
Så ser det ut som alle står heilt likt, men det er litt ulik avstand mellom hola.
Dette gjer at det er kun i ein bestemt posisjon du får alle bolthola til å stemme.
Då blir balansering rett. :D

Å snu eller skifte startkransen var ikkje uvanelig i "gamle dager" når det ofte var umulig eller svindyrt å kjøpe nye deler.
Var vel mest vanelig å gjer det på svinghjul for manuell girkasse, fordi dei er kraftigare enn ei flexplate.
Blir sveisepunkt tilnærma like store og på samme plass burde balansering bli bra.
Men flexplata kan vri seg på grunn av varmen og du får ubalanse andre vegen.
Avstand mellom flexplate og motor vil variere, dette vil kanskje kunne gi større slitasje på converter :?:

grepst1
Curious
Curious
Posts: 31
Joined: Tue Sep 22, 2009 19:28
Location: Førde

Re: C4, flexplate

Post by grepst1 » Tue Dec 16, 2014 23:08

Mange takk, då har vi fått belyst det meste.
Ståle Grepstad

Post Reply